Dette skjer i Hallingdal Tilbake til søk
 ©
Sidesprang; Folkemusikk-klubb med Jøtun/Fausko

Heitt hallingspel!

I vårmørke innhuk ved kulturhuset sprakar eit forlokkande neonlys; SideSprang
Klirring i glas, taktfast tramping og heite dansegolv lokkar tørste og festklare hallingar ned i kjellaren til reinspikka 
folkemusikk-klubb!

Denne laurdagen byr me på Gol sitt svar på Haugen brothers: Brørne Åsmund F. Jøtun & Vebjørn J. Fauske har gjennom heile oppveksten vore ein del av talentmaskineriet på Hugnadheim. No bur dei begge i Oslo og er aktive i Hallinglaget der dei speler til dans jamleg, Vebjørn på toradar, Åsmund på hardingfele. I tillegg til å vera musikarar på toppnivå er dei begge svært habile dansarar, og me kan love gnistrande dansespel - både hallingspringar og gamaldans! 

Frå kl 20:00 blir det lynkurs i springar og gamaldans, inkludert gommokaku!

Dørene opnar kl. 19.30
Lynkurs i springar kl. 20.00
Konsertstart kl. 21.00

Velkomen!