Dette skjer i Hallingdal Tilbake til søk
 ©
Hans og Grete

Korleis blir eit eventyr til?

Kva gjorde brørne Grimm då dei samla eventyr som hadde vorte attfortalt gjennom mange, mange år? Dei måtte jo få tak i dei på eitt eller anna vis.

Bli med brørne Grimm inn i Svartskog – der finst det historier som flyg mellom trea, og dersom dei greier å fange dei kan dei bli til eventyrbøker!

Denne gongen finn dei historia om Hans og Grete, og veit du kva? Dei rotar seg faktisk inn i historia sjølve, og blir med inn i eventyret. Men korleis kan det gå an? Møter dei Hans og Grete der inne, eller blir dei fanga i pepperkakehuset til heksa?

Det som er sikkert er at fire sangglade skodespelarar og ein oppfinnsam musikar vil gjere Hans og Grete om til ein musikalsk eventyrkomedie!

Kom og sjå korleis dette endar.

Hans og Grete høver best for alle frå 6 år.